MITT ØVINGSROM: Maria Ose

Fløytist Maria Ose fra Sandane gir oss et innblikk i sitt øvingsrom.

Navn: Maria Ose

Alder: 22

Bosted: München/Oslo

Instrument: Fløyte!

Eg krever ikkje mykje av øverommet mitt, da dette fort blir eit lite lagerrom på eit hotell eller eit trangt soverom på besøk hos familien, men eg set pris på nok plass til å stå behageleg og eit vindauge til både lys og frisk luft.

På rommet mitt i München har eg god golvplass og eit mjukt, godt teppe som gjer det meir komfortabelt å stå i fleire timar. Godt dagslys skin frå vindauget og inn på notane.

Sidan det ikkje er så mykje av den kjære vestlandsnaturen i byen, har eg nokre inspirasjonsbilete på veggen som eg kan sjå på når eg improviserar eller drøymer meg vekk med musikken.

Eg har gjerne litt juice, frukt eller bær i nærheten for å holde hovudet i gang!

3 KJAPPE OM ØVING:

Hvor mye øver du?

Det varierer utifrå kva eg øvar til og dagsform og kan vere frå 3-5 timar, men eg pleier å halde meg på rundt 4 timar kvar dag.

Hvordan strukturerer du øvingen din?
Eg pleier ofte å dele opp dagen i timesøktar, og den igjen i to halvtimesøktar, og øvar gjerne eitt stykke per time. Da har eg fire bolkar som eg fordeler ut over dagen.

 

Hva MÅ du ha for å få til en god øving?

Eg brukar metronomen mykje, mest til å øve inn tekniske passasjar. Dersom motivasjonen sviktar MÅ eg ha noke å spele musikk på, så eg kan finne inspirasjon frå favorittane mine.

Samarbeidspartnere